
Kandal Kjøt
Høgt oppe i dei bratte bakkane i Kandal finn du Kandal Kjøt – ein liten lokal produsent som foredlar geit- og kjekjøt etter stolte tradisjonar. Produkta vert tørrsalta og tørka på stabbur i frisk fjelluft, noko som gir den særprega og gode smaken.
Her handlar det om ekte handverk, reine råvarer og småskalaproduksjon med lokal forankring. Produkta er laga utan kunstige tilsettingar, og er fri for mjølk, gluten og andre allergen.
Kandal Kjøt er smaken av tradisjon, natur og ekte bygdeliv i Gloppen.

