top of page
Foto_DinaRyggEide_framside.jpg

ALT DU KAN DRØYME OM, PLUSS LITT TIL

Foto_DinaRyggEide-1.jpg

Om du kjem langvegs frå eller bur like i nærheita, trur vi uansett at Gloppen har mykje meir å by på enn du anar. Her står opplevingane i kø, og dei lokale aktørane strekker seg det lille ekstra for at du skal få ei unik oppleving. Her er det lange tradisjonar for kultur, lokalmat, aktivitetar og ikkje minst; naturopplevingar. 

 

Kva med å bestige ikoniske Eggenipa eller oppleve Noregs vakraste nærturområde, 

Trivselsskogenmedan du er her?

HISTORIE OG KULTUR

Gloppen er ein historierik kommune og her er kulturarven sterk. Kommunen har tidlegare blitt kåra til årets kulturkommune, og Glopparane har ikkje lagt innsatsen på hylla sidan den gong. I bygda arrangeras det kvart år elleve festivalar, og fleire er stadig i utvikling. Lokalmat, country, klassisk musikk og elektrisk vannsport er kun nokre av kategoriane du kan oppleve under festivalvekene. 

I bygda har vi satt oss høge krav til utvikling, kvalitet og verdiskaping. Dette viser tydeleg igjen i arrangementa som finn stad her, og aktørane bak.

Norsk Countrytreff og Gloppen Musikkfest er to av musikkfestivalane som har lange tradisjonar i Gloppen. Dei to festivalene vil by på forskjellig musikk og stemning, men til felles har dei eigenskapen til å gje deg ei musikkoppleving du vil hugse i lang tid.

Foto_DinaRygg_Brage_2023_edit-15.jpg

 Foto: Runar Sandnes 

MS_GMF-7061_edited.jpg

 Foto: Magnus Skrede

LOKALE SMAKAR DU SEINT VIL GLØYME

Foto_Dina_Rygg-24.jpg

Prisvinnande bobler, solmodne bær, fyldig geitost og duggfrisk frukt er nokre av delikatessene du kan nyte smaken av i Gloppen. Produsentane gjer sitt ytterste for å sikre deg ei kulinarisk oppleving, og med generasjonar av lærdom bak kvar vare er tradisjonane sterke og smakfulle.

​

​

​

Kan det freiste med ein fem-retters smaksmeny, villtmiddag eller ein varm kopp økologisk- og lokalprodusert urtete? Serveringsstadane Gloppen Hotell, Sølvane Gard og Lauget Kaffi&kultur er blant nokre av aktørane som nyttar seg av lokale råvarer i menyane sine.

 

​

​

I tillegg til å nyte smakane i sine rette omgjevnadar, er det kjekt å kunne dele litt av opplevinga med kjente og kjære. På Bakar Jon, Gloppen sin store lokalmatformidlar, kan du handle med deg lokale mat- og drikkevarer. Kanskje du vil dele dei smaksrike minnene fra Gloppen med nokon du er glad i? 

 

​

​

På Bakar Jon finn du eit stort utval varierte lokalvarer, i tillegg til kanskje Noregs største og beste solskinnsbolle!

BARNAS GLOPPEN

Er det ein stad barna vil trivast, so kan vi trygt seie at det er i Gloppen. Her ventar det eventyr og aktivitetar for store og små. Start for eksempel opphaldet med ein tur i barnas favorittskog; Trivselsskogen. Spennande figurar og hjartesteinar gjer barna motivasjon til å følge stien vidare. Mestringsfølelsen er stor når dei kjem til toppen av Draumekvila der dagsturhytta, med mini-bibliotek og fantastisk utsikt, er den perfekte staden for å nyte ein lunsjpause. På vinterhalvåret kan barna lyse fram refleksfigurane i lyslotto-løypa, og kombiner det gjerne med ei ute-natt på TIN-Campen. Her er det soveplassar, bålområde og pizzaovn.

​

Å oppleve naturen frå hesteryggen er ein annan aktivitet som gjer mestringsfølelse og minner for livet. På Stall Rygg tilbyr dei rideturar for alle nivå. Dei har hatt gjester heilt ned i toårs alderen, og er klar for å gje deg og dei små ei oppleving dokke seint vil gløyme.

​

Etter ein tur på hesteryggen kan det vere godt med eit varmt bad. Kva passar vel betre då enn ein dukkert i svømmehallen til Trivselshagen bad&idrett?

​

Når barna har leika frå seg i bassenget er det godt med litt energipåfyll. På Lauget kaffi&kultur kan du nyte ein god kopp kaffi medan barna bestiller seg det som freistar frå is-baren. I tillegg til søtsaker finn du eit godt utval av lunsjrettar, wraps og bakst på kaféen midt i kommunesenteret av Gloppen: Sandane.

​

Vi trur også barna vil like ein fjelltur til Haugsvarden, aktivitetane på Sandanedagane og familiekonsertane under Gloppen musikkfest og Norsk Countrytreff.

Foto_DinaRygg-77.jpg

 Foto: Magnus Skrede

​

Foto_DinaRygg-79.jpg
STALLRYGG-17.jpg
IMG_5637 2.jpg
Foto_Dina_Rygg-26.jpg
Foto_DinaRygg_sandanedagane.jpg
bottom of page