top of page

PÅLDTUN

 På garden Påldtun får du ekte handverksmat frå Gloppen!

Her legg dei barndomsminne på flasker og glas etter oppskrifter frå mor si heimelaga saft og besta sitt syltekott.
Alt er 100% heimelaga og utan kunstig tilsetning. Både liten og stor kan derfor trygt ete frukta og produkta til Påldtun.

Påldtun produserer mellom anna saft, syltetøy og gele.

Dei dyrkar også epler, jordbær og bringebær som dei sel i tillegg til at dei lagar produkt av råvarene. 

 

Du får kjøpt produkta på deira heimeside, i tillegg til ei rekke butikkar som mellom anna Bakar Jon, Coop Extra Sandane og Coop Prix Byrkjelo.

 Foto: Katrine Anita og Ingeborg Sol Fure

I tillegg til å produserte smakfull lokalmat, har Påldtun også sauna med fjorden og to hytter i frukthagen til overnatting.

Her kan du hygge deg i dagevis med lokale smakar, opplevingar, aktivitetar og vakker natur kvar enn du ser!

Utforsk området rundt Påldtun...

bottom of page