top of page
Foto_DinaRyggEide-476_edited.jpg

BAKAR JON

BAKERI, KAFÈ OG SPESIALBUTIKK FOR LOKALMAT.

GOD SMAK OG LANGE TRADISJONAR

På Bakar Jon er dei oppe tidlig for å sikre deg dagens ferske bakst! Velkommen innom for hyggelig handel og kafébesøk. Her finn du mange gode varer og produkt frå Gloppen og Vestland.

  • Facebook
  • Instagram

Besøksadresse: Bakar Jon, 6826 Byrkjelo

Foto_DinaRyggEide-352_edited.jpg

BAKERIET

Bakeriet vårt har lange tradisjonar, og vi bakar alle produkta våre på eigne oppskrifter. Her er mange freistingar i form av for eksempel brillebollar, kveitebollar, rosinbollar, skillingsbollar, wienerbrød, kringler, brød og bestselgjarane våre: Knekkebrød og havrekjeks.

Foto_DinaRyggEide-383.jpg
210621_paldtun_bakar_jon017.jpg
210621_paldtun_bakar_jon017.jpg

HISTORIA

Bakar-Jon har i mange år vore ein institusjon på Byrkjelo, og er ein populær stoppestad for både fastbuande og tilreisande. Namnet kjem frå 2. generasjon bakarar på Bakar-Jon, og er oppattkalla etter Jon Myklebust, som var eigar i mange år, heilt til COOP kjøpte familiebedrifta. Bakeriet vert drive vidare idag på same måte som Jon og faren hans, Torbjørn Myklebust, har gjort heilt sidan starten.

 

Butikken var før ein daglegvarebutikk, men når Coop tok over drifta vart daglegvarebutikken lagt ned og det vart satsa på lokalmat.

BUTIKKEN

​

Butikken vår er blant dei alle beste i klassen lokalmat, og utvalet blant lokalmatprodusentar er svært stort. Vi har delikatessar innan fisk, kjøt, kje, lefser, flatbrød, lokal drikke m.m. Noko for ein kvar smak!

Foto_DinaRyggEide-440.jpg
323306_899919.jpeg

KAFÈEN

Kafeen vår er godt kjent for norsk, tradisjonsrik "Dagens Middag", i tillegg til a la carte-menyen vår og heimelaga kaker frå vårt gode bakeri.

 

Vi brukar ofte lokale matprodusentar på menyane våre, og det er difor vi med glede utvidar menyane våre til også å inkludere m.a. kjente klassikarar som Cæsar-salat, Club sandwich og BLT-smørbrød.

 

Vi har også eigen vegetar- og veganmeny.

Foto og nettside: Dina Rygg Eide

bottom of page