top of page
FESTIVALAR
I Gloppen er det sterke tradisjonar for musikk- og friluftsfestivalar. Kvart år arrangerast rundt 10 festivalar, alle i ulike sjangarar! Her er det noko for ein kvar smak og alder.
Nyt klassiske tonar under Gloppen Musikkfest og Ose Kammerspel, slepp fri dansefoten under Glopperock og Norsk Countrytreff eller kjenn på adrenalinet under Nordfjord Aktiv sine ekstremsport-festivalar!
Matamål er festivalen med fokus på lokale smakar, og Sandanedagane kombinerer tivoli, kulturinnslag og handel i ei nydeleg sommarhelg. Under Friluftshelga i Hyen står natur og aktivitet i fokus, medan Fjordblues byr på fengande tonar og god stemning!
![Foto_DinaRygg_Nordfjordtreffet-164.jpg](https://static.wixstatic.com/media/d17d8d_c5329d0989e5479fb9df146605f1b173~mv2.jpg/v1/fill/w_230,h_288,al_c,q_80,usm_0.66_1.00_0.01,enc_avif,quality_auto/Foto_DinaRygg_Nordfjordtreffet-164.jpg)
bottom of page