top of page

OSE KAMMERSPEL

Ose Kammerspel er ein klassisk musikkfestival i Gloppen. Til festivalen kjem det internasjonale stjerner og jentene bak festivalen, Ingrid og Maria Ose, briljerer på scena med sitt vakre fløytespel. Dette fortel jentene om festivalen:

​

Draumen om vår eigen festival. Draumen om den vakraste musikken. Draumen om dei beste musikarane.  Og ein fiolinist i verdsklasse som trudde på oss.

 

Dette hadde ikkje blitt verkelegheit om ikkje fiolinist og komponist Henning Kraggerud hadde trudd meir på oss enn vi sjølv gjorde. Om ikkje han hadde inspirert oss og motivert oss til å tørre å satse - til å følge draumen vår.  

 

Den første festivalen blei arrangert i mars 2020. 3 konsertar med den musikken vi elska høgast, med dei beste musikarane og med det beste publikumet. Det blir mange fleire festivalar i åra som kjem, der musikarane saman med publikum vil skape den ekte, lidenskapelege og varme musikkopplevinga.

KULINARISK FESTKONSERT

Ose Kammerspel serverer vakre, imponerande og morsomme musikkinnslag mellom fantastiske rettar komponert av erfarne kokkar på Gloppen Hotell.

475982123_1055998086572376_5276202164048705750_n.jpg
konsert (7 av 63).jpeg

A NIGHT AT THE OPERA


Dette blir ein konsert i operaens verden, og opnar med ein imponerande fantasi over Webers opera Der Freishutz, framført av Ingrid Ose, fløyte og Sveinung Bjelland, klaver.

Opplev den fantastiske musikken fra Ose Kammerspel saman med

nydelege- og lokale smakar frå Gloppen Hotell. 

​

Middagkonserten er blitt ein svært populær del av festivalen!

 Foto: Kristin Aafløy Opdan, Anniken Gjørøy, Jostein Vedvik og Arvid Anthun

Foto og nettside: Dina Rygg Eide

bottom of page