Strikkehelg på Gloppen Hotell / Med Arnhild Skatvedt
fre. 13. feb.
|Gloppen Hotell - by Classic Norway Hotel
Mot midten av februar inviterer Gloppen Hotell for aller første gong til ei ny og inspirerande Strikkehelg - ei heilt ny satsing som kombinerer handverk, kultur og naturopplevingar.


Tid & stad
13. feb. 2026, 15:00 – 15. feb. 2026, 12:00
Gloppen Hotell - by Classic Norway Hotel, Sørstrandsvegen 16, 6823 Sandane, Norge
Om arrangementet
Gloppen Hotell lanserer si første Strikkehelg – der tradisjon møter tråd, med Arnhild Skatvedt, 13.-15. februar!
Mot midten av februar inviterer Gloppen Hotell for aller første gong til ei ny og inspirerande Strikkehelg - ei heilt ny satsing som kombinerer handverk, kultur og naturopplevingar. Det nyetablerte arrangementet går av stabelen frå fredag til søndag og er skapt for alle som ønskjer å finne ro, glede og kreativitet gjennom strikking. Helgas hovudgjest er Arnhild Skatvedt, ein markant og anerkjend strikkedesignar som vil halde foredrag, demonstrere teknikkar og inspirere deltakarane med ny kunnskap og nytt mot til eigne prosjekt.
Heile helga vil gjestane få servert lokal mat frå Gloppen, og laurdagen byr på ei spesiell høgdare: ein elegant Afternoon Tea midt på dagen.
Programmet inkluderer ei inspirerande vandring i Trivselsskogen og Kjærlighetsskogen, før det på laurdagskvelden vert halde ei roleg og nær stund med Shared Reading – ei oppleving…
