top of page

Bli med i Visit Gloppen

Visit Gloppen er ei felles satsing for å synleggjere opplevingar, aktivitetar, overnatting og mat i Gloppen.
Målet er å gjere det enklare for gjestar å finne fram – og enklare for deg som aktør å bli synleg. Gjennom nettside og sosiale kanalar samlar vi tilbod og løftar dei ut til både norske og internasjonale gjester. Nettsida vil også bli tilgjengeleg på engelsk og tysk.
Som medlem får du synlegheit på Visit Gloppen, moglegheit til å nå ut gjennom våre kanalar, og blir ein del av eit felles løft for reiselivet i kommunen.
Vel nivået som passar for deg, og bli med vidare i satsinga.

Innhald, foto og tekst

For å få best mogleg effekt av synlegheita på Visit Gloppen, er godt innhald heilt avgjerande.

Dersom du ønskjer hjelp til å utvikle presentasjonen av di verksemd, kan Dina Rygg Eide bistå som konsulent. Ho har god kjennskap til Visit Gloppen og erfaring med å lage innhald som fungerer godt både på nettside og i sosiale medium.

Dina kan mellom anna hjelpe med:

  • foto og visuell profil

  • tekst til nettside og presentasjon

  • utvikling av innhald til sosiale medium

  • oppsett og optimalisering av di profil på Visit Gloppen

Tenestene blir avtalt direkte med Dina, og kan tilpassast behovet til kvar enkelt aktør.

Dette er eit valfritt tillegg, men kan vere eit godt grep for å få mest mogleg ut av synlegheita di.

  • Facebook
  • Twitter
  • LinkedIn
  • Instagram
dina.jpg
bottom of page