top of page
KANDAL YSTERI OG GARDSMAT
Kandal ysteri og gardsmat ligg naturskjønt til i bakkane mellom Skjortefjellet og Breimsvatnet på garden Neretunet i Kandal. Kandal ysteri og gardsmat starta med at Erlend var busett i Oslo og ville heim til Kandal. Med interesse for mat og med Bestemor som inspirasjon, blei idéen om ekte brunost, laga av mjølk frå eigne geiter, på tradisjonelt vis skapt. Saman med mor, Solveig, blei idéen realisert.
Garden rommar ikkje bere ysteri, men også dyr – geiter, sauer, grisar, høns og ein hest. I tillegg har Solveig sitt eige atelier over geitefjøsen. Gardsliv og kunst i ei spanande foreining. Om sommaren kan du komme til Kandalen og gå på kafé på Sara Kaffibar, og nyte utsikta i Ysteriparken; Følg med på deira nettside og sosiale kanalar for neste arrangement.
​
Besøksadresse: Kandalsvegen 1362, 6823 Sandane






Kandal ysteri og gårdsmat

Kandal ysteri og gardsmat

Fjellet "Skjorta" i Kandal

Kandal ysteri og gårdsmat
1/10
bottom of page