top of page

STALL RYGG STØYLSHUS 

Stall Rygg sitt støylshus ligg idyllisk til på Ryggjastøylen i Traudalen, 316 moh. Frå den vesle hytta er det kort veg til flotte fjellturar og eit stort fiskevatn. Her er turmuligheitane endelause.

 

Hytta ligg ca. 15 min køyring fra Sandane sentrum, og frå parkeringsplassen i Traudalen er det kun nokre få minutt å gå til hytta. 

Støylshuset er ope for overnatting 15.mai-15.oktober.

Foto_DinaRyggEide-59.jpg

Støylshuset er ca. 20 m2 og kan romme 4-5 vaksne personar. Støylshuset er perfekt for deg som reiser aleine, med kjæreste, familie, barn eller venner! 

 

Støylshuset består av eit kombinert stove- og soverom med vedovn, og kjøkken. Opphaldsrommet har ei stor familiekøye og ei vanlig køyeseng. Velstelt utedo i tilstøtande fjøs, og vatn i elv like ved. Det er med andre ord ikkje innlagt vatn og straum. Tradisjonelt setermiljø som inneheld mange velheldne støylshus og fjøs. 

BESTILL:

Tlf: +47 97716654

Stall Rygg tilbyr mellom anna riding og hestekøyring for barn og vaksne i alle nivå. Aldersgruppene spenner i dag fra 2-50 år. Stall Rygg held til i fine omgjevnadar på sørsida av Gloppefjorden.

 

Gjengen på stallen tilpassar opplegget til ditt nivå, og gler seg til å gje deg ei oppleving du seint vil gløyme. Velg mellom riding på bane, langs fjorden, i familievogn, i skogen eller til støylen.

 

Morten har vore aktiv med hest i ca 20 år, og saman med kona Lise og familiens tre born driv han Stall Rygg.

Foto_DinaRyggEide-62.jpg
kvitfella-25.jpg
Foto_DinaRyggEide-69.jpg

I området rundt støylshuset er det mange flotte fjelltoppar og naturområder.

 

Av toppturar kan vi anbefale Berdalsegga og Traudalsnibba.

 

Enklare turar er mellom anna den korte turen inn til Traudalsvatnet, eller turane til nabostøylane Gimmestadstøylen, Ravnestadstøylen eller Rausetstøylen. Alle med merka sti og flott utsikt. Les meir på ut.no/gloppen

Utforsk området rundt Stall Rygg Støylshus...

Foto_DinaRyggEide-71.jpg

Foto og nettside: Dina Rygg Eide

bottom of page