KVITFELLA FERIEHYTTER
Kvitfella feriehytter ligger spektakulært til på sørsida av Gloppefjorden. Her er det kort veg til fjorden og mange spennande aktivitetar!
Fjella er nærmaste nabo, og her kan du velge mellom enkle småturar for heile familien, til lengre dagsturar både til fots og på ski.
Kanskje du vil teste fiskelykka, eller utforske Gloppen frå fjorden sitt perspektiv? Du kan inkludere båtleige/båttur når du bestiller overnatting på Kvitfella Feriehytter.
Ei rimeleg og naturskjønn overnatting, perfekt for venner og familiar!
LOKALE SMAKAR PÅ GARDSUTSALET
På gardsutsalet til Kvitfella feriehytter får du kjøpt lokalmat frå heile Gloppen.
Kva med å tilberede ein saftig burger med Kvitfella sitt sjølvproduserte anguskjøtt, og servere det med frisk eplemost frå Tystad Fruktgard? Til frukost kan det smake godt med syltetøy frå Påldtun frukt og bær. Og kanskje vil du kjøpe med nokre lokale smakar heim?
I tillegg til anguskjøtt, eplemost og syltetøy, finn du også hjortekjøtt, lammekjøtt, saueskinn og saftprodukt!
Gardsutsalet er sjølvbetjent og held ope 24/7.
Besøksadresse: Øvre Sørstranda 642, 6823 Sandane
Kontakt: Frode Grine, tlf: +47 957 42 281
Utforsk området rundt Kvitfella Feriehytter...