Vinyl med noko attåt på Gloppen Hotell - Glopperock 2025
fre. 13. juni
|Gloppen Hotell
Vinyl med noko attåt er eit velkjent konsept for dei musikkinteresserte i bygda, der Vegard Hjartholm og Ola Tarjei Kroken har losa besøkande igjennom ulike tema med jamne mellomrom.


Tid & stad
13. juni 2025, 20:00 – 23:00
Gloppen Hotell , Sørstrandsvegen 16, 6823 Sandane, Norway
Om arrangementet
Glopperock nærmar seg , og som ein mjuk start på festivalhelga inviterer arrangøren til plateprat og konsert i Topp Foss-salen på Gloppen Hotell fredag 13.juni kl.20.00!
Vinyl med noko attåt er eit velkjent konsept for dei musikkinteresserte i bygda, der Vegard Hjartholm og Ola Tarjei Kroken har losa besøkande igjennom ulike tema med jamne mellomrom. Denne gongen tek dei med seg ein bunke vinylar basert på Glopperock si historie, og eg gler meg til å høyre kva dei grip fatt i. Med ei 45 år lang festivalhistore tenkjer eg det er ein god del å ta av, og desse to karane kan jo verkeleg sitt fag.
Når musikkpraten er over vil vi gje plass til to unge talent frå Sogn, nemleg We Met in June, konsertstart kl.22.00 til kl.23.00.
Duoen fekk vel fortent Luttprisen som årets gjennombrot i år, og består av Sara Rose Zadig og Gjest Ingeson…