Pokerkurs for damer - Gloppen Hotell
fre. 15. aug.
|Gloppen Hotell
Lær frå begynnelsen av og bli med på dei kjekke pokerkveldane på Gloppen Hotell!


Tid & stad
15. aug. 2025, 20:00 – 23:30
Gloppen Hotell , Sørstrandsvegen 16, 6823 Sandane, Norway
Om arrangementet
Pokerkurs for damer: Lær frå botnen og bli med på moroa!
Gloppen Hotell inviterer til kurs for damer fredag 15. august – ein sosial og lærerik kveld der alt handlar om å ha det kjekt og å lære å meistre spelet! Enten du er nybyrjar eller har spelt litt før, er dette kvelden for å prøve seg rundt pokerbordet i avslappa og uformelle omgjevnader. Vi sørgjer for god stemning, enkle reglar og hjelp undervegs – ingen forkunnskapar trengst.
Ta med deg veninnegjengen, kollegaer – eller kom åleine! Vi lovar ein sosial og inkluderande kveld med mykje spenning og kanskje nokre overraskingar på kjøpet.
Kurset startar med introduksjon og innføring i spelet, og avsluttast med små ettbordturneringar.
Stad: Gloppen Hotell
Dato: Fredag 15. august
