Ose Kammerspel 2026
fre. 27. feb.
|Sandane
Vi kjem ikkje unna alt det som skjer i verda akkurat no, og i denne turbulente tida har vi i år valgt å fokusere på lys og mørke.


Tid & stad
27. feb. 2026, 12:00 – 28. feb. 2026, 22:30
Sandane, Sandane, Norge
Om arrangementet
Vi er veldig glade for å kunne ønske alle hjartelig velkomne til endå ei utgåve av Ose Kammerspel:
Fredag 27.02 kl. 19.00 i Sandane Bedehus
Laurdag 28.02 kl. 13.00 på Sølvane Matbar
Laurdag 28.02 kl. 19.00 i Sandane Bedehus
Vi kjem ikkje unna alt det som skjer i verda akkurat no, og i denne turbulente tida har vi i år valgt å fokusere på lys og mørke. Temaet krig er kanskje meir relevant enn nokon gong, med rom for mykje ettertanke og kjensler i heile spekteret. Laurdagskonserten ber tydeleg preg av dette, og med tittelen «Det som vart att», vil vi gjerne vise musikk som vart skrive under og rundt 2. verdskrig. Komponisten Weinberg var ein av dei få som overlevde Holocaust, han var sjølv jøde og mista si nære familie i konsentrasjonsleirane. Som han sjølv sa: «Mange av mine verk er dedisert til temaet krig.…
