Ose Kammerspel
tor. 29. feb.
|Trivselshagen kultur og idrett
Ose Kammerspel er draumen om ein kammermusikkfestival i verdsklasse - med dei beste musikarane og den vakraste musikken - der dei saman med publikum skapar nære, lidenskaplege og varme musikkopplevingar.
Tid & stad
29. feb. 2024, 16:00 – 02. mars 2024, 23:00
Trivselshagen kultur og idrett, Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norway
Om arrangementet
Ose Kammerspel feirar 5 års-jubileum, og kan friste med ei strålande artistliste i år:
Amalie Stalheim, cello
Henninge Landaas, bratsj
Guro Kleven Hagen, fiolin
Edvard Erdal, fiolin
Björn Nyman, klarinett
Birgitte Volan Håvik, harpe
Ingrid Ose, fløyte
Maria Ose, fløyte
Nytt av året er ein Middagskonsert i samarbeid med Gloppen Hotell laurdag kveld. Der blir det både mat og musikk av ypperste klasse når hotellets utsøkte 3-retters meny vert akkompagnert av musikarar frå Ose Kammerspel.
Det blir også litt nye klanger på årets festival. Ose Kammerspel vil bevegee seg inn i den franske impresjonismen, der rytme og puls blir meir vagt, og fargepaletten står meir i fokus. Ein kan sjå for seg dei vakre bileta til t.d. den franske maleren Claude Monet og drøyme seg inn i hans maleriske landskap. Ose Kammerspel har også invitert med både harpe og klarinett i tillegg til strykarar i år, så ein får høyre litt andre klangfargar når musikarane framfører musikk av Claude Debussy og Maurice Ravel. Klarinetten får også skinne i klarinettens kanskje viktigaste kammermusikkverk, Johannes Brahms sin Klarinettkvintett. Vi får også høyre eit stykke av ein av dei mest spennande unge nolevande norske komponistane, Anna Berg, så det er mykje å glede seg til.