Open hall for alle
søn. 04. feb.
|Trivselshagen bad og idrett
Velkomen til open hall i Trivselshagen bad&idrett. Eit gratis arrangement for alle som vil ha ein aktiv og sosial formiddag!


Tid & stad
04. feb. 2024, 12:00 – 15:00
Trivselshagen bad og idrett, Gota, 6823 Sandane, Norway
Om arrangementet
Ein gong i månaden i heile 2024 vil Trivselshallen bad&idrett saman med Frivillighetssentralen open hall gratis for absolutt alle.
Her kan alle som ønskjer det kome til idrettsanlegget åleine, i lag med venner og/eller familie, og vere i aktivitet med andre på handballflatene. NB: (born under 10 må vere i følgje med vaksen).
Ein vel sjølve kva aktivitet ein vil drive med og ein står fritt til å bruke det utstyret dei har tilgjengeleg.
Kva skjer i hallen 4. februar?
*STIL turn stiller med instruktør frå kl. 12-13.30 slik at både store og små kan prøve seg på litt turning i firdahall og turnhall.
* Eigenorganisert aktivitet på ledige handballflater.
