Lunsjkonsert med Distriktsmusikarane i Sogn // Gloppen Musikkfest 2025
tor. 04. sep.
|Sandane kyrkje
De kan vente eit variert program med norsk og japansk musikk.


Tid & stad
04. sep. 2025, 12:00 – 12:30
Sandane kyrkje , Åsavegen 130, 6823 Sandane, Norway
Om arrangementet
Gratis lunsjkonsert!
De kan vente eit variert program med norsk og japansk musikk.
Det er 120-årsjubileet for opprettinga av diplomatiske forbindingar mellom Japan og Noreg i år, så dette høver bra!
Vi får høyre Sparre Olsen, Geirr Tveit, Edvard Grieg, Man Arai, Kozaburo Hirai og folkemelodiar frå Noreg og Japan.
Marin Stallemo Bakke på hardingfele og fiolin, Bjørn Gisle Seter på baryton og Akiko Anazawa på flygel.
Sogn og Fjordane har tre distriktsmusikargrupper med til saman 20 musikarar, og dei representerer eit stort musikalsk mangfald og er viktige for regionen - og for oss! Gruppene er knytte til kvar sin kulturskule – i Gloppen, Sunnfjord og Sogn. I år har vi også med DM-gruppa i Voss! Gruppene skal halde lunsjkonsertar og familieforestilling, samt delta på hovudkonserten fredag.
