top of page

Landsbylaurdag med Gloppen Musikkfest 2025

lør. 06. sep.

|

Sandane sentrum

Vi har mykje å glede oss til gjennom heile veka!

Landsbylaurdag med Gloppen Musikkfest 2025
Landsbylaurdag med Gloppen Musikkfest 2025

Tid & stad

06. sep. 2025, 12:00 – 14:00

Sandane sentrum , Sandane, Norway

Om arrangementet

Frå 2. til 6. september er vi klare for Gloppen musikkfest og festivalstemning i kommunen igjen!


Vi har mykje å glede oss til gjennom heile veka!


På landsbylaurdag 6. september får vi innslag frå festivalmusikarane:

  • Kl 12: Innslag på Heradsplassen med folkemusikkstudentane frå Noregs Musikkhøgskule. Påfølgande spontankurs i folkedans. Vi håpar flest muleg blir med!

  • Kl 12 -14: Pop-up konserter der det dukkar opp festivalmusikarar i små grupper rundt omkring i sentrum.

Politikarstands. Om du ikkje har bestemt deg for kva du vil stemme til valet 8. sept, så har du enno ein sjanse til å intervjue våre lokale politikarar. Dei fleste partia stiller med stand på landsbylaurdag. Utdanningsforbundet er også med på stand denne l aurdagen.


Del dette arrangementet

Foto og nettside: Dina Rygg Eide

bottom of page