Konsert: The Black Sorrows // Gloppen Hotell
søn. 23. juni
|Gloppen Hotell
Legenda Joe Camilleri i spissen for The Black Sorrows på sjølvaste Jonsokaftan blir ei musikalsk oppleving ingen bør gå glipp av!
Tid & stad
23. juni 2024, 20:00 – 23:00
Gloppen Hotell, Sørstrandsvegen 16, 6823 Sandane, Norway
Om arrangementet
The Black Sorrows frå Australia vitjar Fjæra Bluesklubb igjen på sjølvaste Jonsokaftan søndag 23.juni på Gloppen Hotell !
Blir det fint sommarver så blir konserten utandørs hvis ikkje så blir konserten innandørs i Toppfoss på hotellet.
Legenda Joe Camilleri i spissen for The Black Sorrows på sjølvaste Jonsokaftan blir ei musikalsk oppleving ingen bør gå glipp av.
Gjennom heile si karriere har bandet oppretthalde ein imponerande kvalitet på sine album og ikkje minst sine konsertar.
Med si unike blanding av blues, soul, gospel, country og rock and roll så riv dei ned alle sjanger-båsar og skaper sitt eige unike musikalske univers.
Bandet hadde si storheitstid i Norge på slutten av 1980-talet og byrjinga av 1990-talet med låtar som Hold on to Me, The Chosen Ones og Harley & Rose med fleire. Dei toppa plakaten på Glopperock i 1991 og Fjæra Bluesklubb sin hagekonsert på Gloppen Hotell i 2015.
Billettar vert lagt ut komande veke.