Konsert: Steinar Karlsen
fre. 05. apr.
|Lauget Kaffi og Kultur
Steinar Karlsen, kjent fra mellom anna to gonger Spellemannsnominerte Good Time Charlie, kjem til Gloppen med sjølvskrivne komposisjonar med element frå blues, jazz og folkemusikk!
Tid & stad
05. apr. 2024, 20:30 – 23:00
Lauget Kaffi og Kultur, Sørstrandsvegen 9, 6823 Sandane, Norway
Om arrangementet
Den tidlegare Firdaeleven Steinar Karlsen, kjend frå bl.a. to gonger Spellemannsnominerte Good Time Charlie, kjem til Sandane og Lauget fredag 5. april.
Du får høyre sjølvskrivne komposisjonar med element frå blues, jazz og folkemusikk.
Den gode melodien står i sentrum når artisten frå Sunnfjord formidlar instrumentalmusikk.
Karlsen har hausta åtgaum for musikken sin sidan debuten med "Ulydium" i 2011. Det amerikanske magasinet Vintage Guitar har omtala gitaristen som "assuredly one of the brightest lights in the world of instrumentals".
Ynskjer du å bli meir kjend med Karlsen før konserten, er albumet "Transitt" (2023) ein fin stad å byrje.
Drøym deg vekk til stemningsfull historieforteljing utan ord.
"Uendelig vakkert" -Øyvind Pharo, Bluesnews