top of page

Konsert: Jørn Hoel og Steinar Albrigtsen

lør. 23. mars

|

Trivselshagen kulturhus

To av landet sine mest kjente og kjære artistar blir berre betre og betre med åra som går. No kjem dei til Gloppen!

Konsert: Jørn Hoel og Steinar Albrigtsen
Konsert: Jørn Hoel og Steinar Albrigtsen

Tid & stad

23. mars 2024, 19:00 – 22:00

Trivselshagen kulturhus, Firdavegen 21, Gotavegen 14, 6823 Sandane, Norway

Om arrangementet

Etter vanvitige vellykka konsertar for fulle hus, ståande jubel og toppscore frå kritikarane i sommar, gjenforeinast Jørn og Steinar for å underhalde nye og gamle fans!

 Dei levera både nostalgi og nyskapning. Deira mest kjente hitlåtar spelast side om side med gamle og nye covera som vi alle kjenner og har eit forhold til. 

Men det er ikkje berre musikken som vekkjar oppsikt; barndomsvenane er også kjent for sine forteljingsevner. Anekdotar frå eit langt liv som spelemenn, med sladder, skrøne og venlegsinna mobbing av og om kvarandre får salen til å måpe i vantru og brøle av latter – og sjølvfølgeleg ein og annan ekte eller tvilsam kjærleikserklæring til deia nordnorske opphav følgjer med.

Det er berre å byrja å glede seg til våren sin store musikalske, nostalgiske heilkveld!

Kjøp billettar her

Les meir om arrangementet her

Share this event

Foto og nettside: Dina Rygg Eide

bottom of page