Kaffismaking med noregsmeister i kafficupping: André Brandt
fre. 20. sep.
|Lauget kaffi og kultur
Du får smake deilige kaffisortar frå Solberg og Hansen sitt assortement, og du skal få lære om korleis du kan kjenne ulike smakstonar i dei ulike kaffiane!


Tid & stad
20. sep. 2024, 20:00 – 21. sep. 2024, 21:30
Lauget kaffi og kultur , Sørstrandsvegen 9, 6823 Sandane, Norway
Om arrangementet
Fredag 20.September kjem den nykåra noregsmeister i kaffismaking -André Brandt til Lauget Kaffi og kultur!
André jobbar til dagleg hjå kaffihuset Solberg og Hansen i Oslo, og vart i mars kåra vinnar av Norwegian Cup Tasters Champion i 2024.
I april representerar han Noreg i verdsmeisterskapen i Chicago.
André kjem til Lauget under årets Matamål og er klar for å dele sine kaffismake-skills med deg. Han tek med seg ei rekke deilige kaffisortar frå Solberg og Hansen sitt assortement, og du skal få lære om korleis du kan kjenne ulike smakstonar i dei ulike kaffiane. Du vil få nye kunnskapar om kaffi som du mest sannsynleg ikkje visste frå før.
Arrangementet har begrensa med plassar tilgjengeleg.
Arrangementet er laga i samarbeid med Solberg og Hansen.
150kr pp