top of page

Gratis barnekonsert - Glopperock 2025

søn. 15. juni

|

Trivselshagen

Gjennom ordleik, dans og song ynskjer Silje og Maria å ta barna si verd på alvor, og vi vil få smakebitar frå deira ferskaste album, Bråk og Ballade!

Gratis barnekonsert - Glopperock 2025
Gratis barnekonsert - Glopperock 2025

Tid & stad

15. juni 2025, 14:00 – 15:00

Trivselshagen, Firdavegen 21, Gotavegen 14, 6823 Sandane, Norway

Om arrangementet

For fjerde år på rad arrangerer Gloppen Musikkforum gratis barne- og familiekonsert på Glopperockfestivalen sin siste dag!


På søndagen er det duka for storfintbesøk av Silje og Maria i Trivselshagen, ein duo med rik erfaring innanfor musikk retta mot unge. Gjennom ordleik, dans og song ynskjer dei å ta barna si verd på alvor, og vi vil få smakebitar frå deira ferskaste album, Bråk og Ballade.

Maria (Solheim) seier sjølv at når dei lagar musikk for born, er dei opptekne av at borna skal føle seg sett, høyrt og forstått. Lyttarane skal kunne kjenne seg att i tekstane, samstundes som dei kanskje kan bli nysgjerrige på å lære seg noko nytt. Duoen vil servere melodiar om alt frå floketroll og spenstige sjiraffar, til spanande luftballongreiser og dagdrømmeri om den nye jenta i klassa.

Duoen er ikkje berre kjend for å lage musikk for den yngre garde. For mange er Silje…


Share this event

Foto og nettside: Dina Rygg Eide

bottom of page