tir. 03. sep.
|Sandane
Gloppen Musikkfest 2024
Lunsjkonsertar, festkonsert, festivaljam og kyrkjekonsertar!
Tid & stad
03. sep. 2024, 12:00 – 07. sep. 2024, 23:00
Sandane, Sandane, Norway
Om arrangementet
Det er snart tid for festival - med ein strålande stryketrio og folkesongar og samtidsmusikar Unni Løvlid i front!
Unni har også med seg ein stor gjeng studentar frå folkemusikkstudiet på Norges Musikkhøgskole.
Alle Distriktsmusikarene i Sogn og Fjordane og Startgroparar kjem også.
Fem dagar med arrangement både tidleg og seint!
Stryketrio med Audun Sandvik, Ida Klokk-Bryhn og Liv Hilde Klokk-Bryhn - som mellom anna skal spele Bach og Beethoven. Disktriktsmusikarane i Sogn og Fjordane skal saman med festivalmusikarane innta kultursalen med Biber sin Battalia som ramme.
Med oss er også tidlegare deltakarar i Startgropa som no jobbar som profesjonelle musikarar,
og så vil de få høyre både kulturskuleelvar og Firda-elevar, i tillegg til andre lokale utøvarar.
Bergen pianotrio held konsert i Sandane kyrkje. Musikarane der har alle vore deltakarar på Startgropa, noko vi tykkjer er stas! Veka byr på Beethoven, Mozart, Biber, Bach, Brahms, mykje folkemusikk - og alltid overraskingar.
Mykje å gle seg til!