GLAS 2026 - Gloppen akevitt- og siderfestival
fre. 06. mars
|Sandane
Gjennom helga får du møte produsentar, pommelierar og formidlarar som brenn for handverket.


Tid & stad
06. mars 2026, 12:00 – 08. mars 2026, 19:00
Sandane, Sandane, Norway
Om arrangementet
Velkomen til GLAS 2026 - Der sider møter akevitt, fjord møter fjell og smak møter kunnskap!
Kjøp billett til kvart enkelt arrangement her!
Sjå fullt program under.
6.–8. mars 2026 inviterer Gardsbrenneriet, Gloppen Hotell og Norske Akevitters Venner til ei langhelg i hjartet av Nordfjord, fylt med smakar, opplevingar og ekte drikkeglede. GLAS er festivalen for deg som vil fordjupe deg i norsk sider og akevitt, enten du er entusiast, fagperson eller berre nyfiken på det beste fjordane har å by på i glaset.
Gjennom helga får du møte produsentar, pommelierar og formidlarar som brenn for handverket. Det blir smakingar av lokal og regional sider og akevitt, faglege samtalar om stil, råvarer og tradisjonar, og ikkje minst nye smakar som kanskje overraskar deg. Festivalen byr også på ei eksklusiv førlansering av ein ny akevitt, berre for dei som er til stades under festmiddagen laurdag kveld.
GLAS handlar ikkje berre om…
