Foredrag: Mattradisjonar med Kari Støfringdal // Matamål matfestival
søn. 22. sep.
|Norfjord Folkemuseum
Matamål inviterer til ettermiddagstund på Nordfjord Folkemuseum med mattradisjonar som tema. Det vert foredrag med Kari Støfringsdal, servering, omvisning i utstillinga "Dyrebar" og god søgje!
Tid & stad
22. sep. 2024, 16:00 – 18:00
Norfjord Folkemuseum, Gota 16, 6823 Sandane, Norway
Om arrangementet
Søndag 22.september kl.16 inviterer vi til Nordfjord Folkemuseum med mattradisjonar som tema.
Det vert foredrag med Kari Støfringsdal, servering, omvisning i utstillinga Dyrebar og mulighet for god søgje! Kari Støfringsdal er pensjonert bonde og utdanna faglærar i husstell frå Stabekk med lang erfaring som kurs- og foredragshaldar om mat og tradisjonar. Kari er ein av forfattarane av Fjordamat – kokeboka for Sogn og Fjordane, Alle tiders Fjordamat – til høgtider og merkedagar og Ta kaka. Ho driv og Fjordamattunet på Jølster, som er kurslokale og arrangementsstad.
Denne ettermiddagen kjem ho til Nordfjord Folkemuseum for å snakka om mattradisjonar. Ho vil under foredraget steike svelekake som vert servert med tradisjonstilbehør frå Jølster og Nordfjord.
Etter foredraget har Nordfjord Folkemuseum omvisning i utstillinga Dyrebar. Utstillinga viser eit utval av måtane folk før i tida nytta seg av heile dyret. Både før og etter dyret blei avliva, ser vi ei haldning om at ingenting ikkje var godt for noko, og ingenting skulle kastast. I denne omvisninga vert det lagt særleg vekt på korleis ein har nytta dyr til matproduksjon.
Du kan lese meir om utstillinga her.
Vi set på kaffien, så her ligg alt tilrette for ein trivelig søndag på museet!