Damenes helg
fre. 01. nov.
|Gloppen Hotell
Ei helg dedikert til deg og dine venninner, fylt med aktivitetar, latter, velvære og god stemning!


Tid & stad
01. nov. 2024, 16:00 – 03. nov. 2024, 16:00
Gloppen Hotell, Sørstrandsvegen 16, 6823 Sandane, Norway
Om arrangementet
Helga startar fredag med ein varm velkomst med kos rundt bålpanna i hagen til Glüewein, og nydeleg middag i restaurant-stovene på Gloppen Hotell.
Laurdag morgon startar med eit friskt bad og yoga før frukost. Det blir herleg heimelaga frukost som blir «krydra» med bobler for å sette stemninga!
Utover dagen laurdag kan du bli med på inspirerande foredrag – ditt personlege friminutt frå kvardagens kjas og mas - eller ein guida tur i Trivselskogen. Etterpå inviterer hotellet til High Tea i dei historiske lokala.
Sandane Fjordsauna og Påldtun Sauna er reservert og du kan leige disse. Tider og meir informasjon kjem.
Damenes aften laurdag kveld blir eit høgdepunkt, med aperitiff, tapas, kreative innslag og fantastisk atmosfære.
I fjor holdt hotellet moteshow med lotteri til inntekt for eit godt formål.