top of page

Bokbad, konsert og franskinspirert mat på Gloppen Hotell

fre. 25. apr.

|

Gloppen Hotell

Dette er første arrangement i serien Kulturkveld på Gloppen Hotell. Ein møteplass for kulturinteresserte i alle aldrar – med eit variert program.

Bokbad, konsert og franskinspirert mat på Gloppen Hotell
Bokbad, konsert og franskinspirert mat på Gloppen Hotell

Tid & stad

25. apr. 2025, 19:00 – 23:00

Gloppen Hotell, Sørstrandsvegen 16, 6823 Sandane, Norway

Om arrangementet

LITTERÆR KVELD, FREDAG 25. APRIL KL. 19:00.


Velkomen til ei litterær samtale om popkultur, arkitektur og historie. Hovudinnslaget vil vere ei litterær samtale mellom forfattar Geir Hørnes og Ove Eide, med høve for publikum til å stille spørsmål til forfattaren. Ove Eide og Geir Hørnes samtaler om boka The Curious Chronicles of Villa Nellcote, kunst og musikk, før Hege Alme og Jørn Moen held konsert.


Til slutt: mat med røter i fransk tradisjon og kultur. Franskinspirert suppe og dessert. Inkludert i billetten.


Dette er første arrangement i serien Kulturkveld på Gloppen Hotell. Ein møteplass for kulturinteresserte i alle aldrar – med eit variert program. Vi håper at dette kan bli starten på ei rad slike samkomer, ein ny sosial møteplass, der gode forteljingar kan formidlast, i mange former og sjangrar – med spenn frå det lokale til det internasjonale.


Billett kan du kjøpe her, eller i resepsjonen på Gloppen Hotell.


Share this event

Foto og nettside: Dina Rygg Eide

bottom of page