Babettes gjestebod a la Gloppen Hotell
lør. 27. sep.
|Gloppen Hotell
Ei feiring av livet, av kokkekunsten - der maten skapar ei høgtid og foreiner mennesker.


Tid & stad
27. sep. 2025, 17:30 – 23:00
Gloppen Hotell, Sørstrandsvegen 16, 6823 Sandane, Norway
Om arrangementet
Laurdag 27.09.2025 gjentek vi suksessen og arrangerer på nytt Babettes gjestebod!
Det er matfestival i bygda, Matamål, og kva passer vel bedre enn å kombinere disse to feiringane av matglede.
Vi ønsker å gjenskape magien frå denne kjende novella av Karen Blixen. Stemninga, matgleden og varmen er fantastisk!
Ei feiring av livet, av kokkekunsten - der maten skapar ei høgtid og foreiner mennesker.
Hovudpersonen i novella «Babettes gjestebud», av Madame Babette Hersant, var opprinneleg ein glimrande kokk på den kjende restauranten Cafe Anglais i Paris, før ho på grunn av borgarkrigen flykta til Berlevåg i 1871. Etter 14 år med klippfisk og ølebrød hjå dei to fromme og strengt religiøse systrene, brukar Babette heile premien på 10.000 franc på eit fantastisk måltid for å markere den avdøde prosten sin 100-årsdag.