Babettes gjestebod a la Gloppen Hotell
lør. 28. sep.
|Gloppen Hotell
Hotellet gjenskaper magien frå den kjende novella av Karen Blixen. Ei feiring av livet, av kokkekunsten - der maten skapar ei høgtid og foreiner mennesker!
Tid & stad
28. sep. 2024, 17:30 – 23:00
Gloppen Hotell, Sørstrandsvegen 16, 6823 Sandane, Norway
Om arrangementet
Gloppen Hotell gjentek suksessen og arrangerer på nytt Babettes gjestebod!
Det er matfestival i bygda, Matamål, og kva passer vel bedre enn å kombinere disse to feiringane av matglede.
Hotellet ønsker å gjenskape magien frå den kjende novella av Karen Blixen. Stemninga, matgleden og varmen er fantastisk!
Ei feiring av livet, av kokkekunsten - der maten skapar ei høgtid og foreiner mennesker.
Denne kvelden vil kjøkkenet gjenskape menyen frå novella, med nokre tilpassingar.
Anne Mette Hjelle har studert i Paris og vil lede an kvelden saman med Margrethe Henden Aaraas. Det vil bli lese små utsnitt frå novella undervegs slik at du verkeleg kan få litt av stemninga frå den gongen. I tillegg er Ingrid og Maria frå Ose Kammerspel med, og vil krydre arrangementet med vakre tonar.
KVELDENS MENY o Kalveconsomme med små kalvekjøttboller og grava, lokal eggeplomme o Blinis med kaviar, rømme og løk o Vaktel på butterdeig o Salat med rosiner og valnøtter o Ostar og frukt o Baba au rum (formkake)
PROGRAM o Kl. 17:30 - Velkomen og aperitiff. o Kl. 17:40 - Filmen «Babettes gjestebud» blir vist. Pause undervegs. o Kl. 20:00 - 6-retters middag med 5 glas drikkepakke.
Pris pr. person kr. 1995,- inkludert drikkepakke (med eller utan alkohol).
Overnatting i forbindelse med arrangementet: kr 745 per person (ved to personar i eit dobbeltrom). Enkeltrom kr 1195,-
BILLETTAR: - Pakke med overnatting kan kjøpast frå 6. mars. - Kun billett kan kjøpast frå 8. april.